Kort fortalt

– Pene forskarar er mindre kompetente

Ikkje viktig å ha utsjånaden med seg.

26.05.2017
NPK: Ein ny studie viser at forskarar som har utsjånaden med seg, blir vurderte som mindre kompetente og truverdige enn andre forskarar.
Deltakarane i studien vart viste bilete av over 300 forskarar, for så å måtte dømme dei etter utsjånaden. Resultatet viser at forskarar som er heldige med utsjånaden sin, blir vurderte som mindre kompetente og truverdige enn andre. Men pene forskarar vekkjer interesse, og folk vil oftare vite meir om forskinga deira enn forskinga til kollegaer med ein meir gjennomsnittleg utsjånad.
Det er forskarar ved Universitetet i Cambridge og Universitetet i Essex som har publisert studien i Proceedings of the National Academy of Sciences (PNAS). Will Skylark, som har leidd arbeidet, seier ifølgje at ein veit frå forsking på politikk at folk kan bli påverka av utsjånaden til politikarane, snarare enn kva dei faktisk seier. Dette ønskte dei å undersøkje om gjaldt for forskarar også.
Av dei 3100 spurde i studien var flest interesserte i å få vite meir om forskarane som vart vurderte som fysisk attraktive og «kompetente og moralske» enn dei andre. Men når deltakarane skulle ta stilling til kor dyktige forskarane er, talte det negativt å ha eit pent fjes. Desto meir attraktive dei var, desto mindre trudde folk at dei utførte forsking av høg kvalitet.

Publisert: 26.05.2017 13:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41