Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal har fordelt i alt 1 780 000 kroner til fire gode prosjekt i verdsarvområdet.
I ei pressemelding vert det opplyst at alle dei fire prosjekta er kulturminne som det er viktig å bevare for ettertida. -Verdien ligg både i bygningane i seg sjølv, historia som dei ber med seg, og dei heilskaplege kulturmiljøa som dei enkelte husa er delar av, seier Helge Aarset i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Desse prosjekta har fått støtte:

Ola-løa
Ola-løa i klyngetunet på Gjørva i Geiranger er ei særs gamal og interessant bygning i eit verdifullt bygningsmiljø. Prosjektet er sett i gang tidlegare med grunnlag i tilskot i 2015 og 2016. Med løyving på 480 000 kroner i år, kan arbeidet blir fullført.Stabburet ved Norsk fjordsenter
Stiftinga Geirangerfjord verdsarv får med tilskot på 280 000 kroner høve til å sette i stand det gamle stabburet sitt ved Norsk Fjordsenter. Stabburet har stått på skade med prekære behov for tiltak. Stiftinga ønsker å bruke bygninga i formidlinga si.Våningshuset på Midtgard
Oaldsbygda er eit unikt bygdemiljø i verdsarvområdet med mykje bygningsmasse. Våningshuset på Midtgard, ei av gardane i bygda, kan settast i stand med tilskot gitt i 2016 og 190 000 kroner i tilskot no i 2017.Våningshuset på Litlesetra
Storfjordens Venner sitt neste store prosjekt er istandsetting av våningshuset på Litlesetra på Åkerneset. Foreininga har tidlegare organisert og gjennomført prosjekta på Me-Åkneset og Ytste-Åkneset. Tilskotet i år på 830 000 kroner, vil finansiere ein stor del av dette prosjektet som langt på veg vil komplettere miljøet på Åkerneset.Publisert: 21.04.2017 13:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42