Kort fortalt

Pigghåen har blitt ei plage

No skal det forskast meir på arten.

NPK
21.06.2021

Etter fleire år med klagar på pigghåen, skal Havforskingsinstituttet ut på forskingstokt for å lære meir om fisken.

Pigghåen, ein av dei vanlegaste haiartane i norske farvatn, er raudlista i kategorien «sterkt trua» i Noreg. Dei siste åra har det likevel kome fleire meldingar om at pigghåen har blitt ei plage for fiskarar langs heile norskekysten, skriv Fiskeribladet.

No har Havforskingsinstituttet bestemt seg for å dra på pigghåtokt, når to havforskarar går om bord i skulebåten «Skulebas», for å forske på arten saman med elevar frå Måløy vidaregåande skule.

Fiskar Petter Lauksett Tande i Trondheim seier til Fiskeribladet at han ønsker pigghåtoktet velkommen.

– Det er veldig bra det blir søkjelys på pigghåen. Det er fleire område i Trondheimsfjorden eg kvir meg for å sette garn.

<p>(©NPK)</p>

Publisert: 21.06.2021 14:28

Sist oppdatert: 21.06.2021 14:29