Kort fortalt

Pilane litt oppover

Nav trur på litt betring i arbeidsmarknaden.

01.03.2017
NPK-NTB: Auka bustadbygging og eksport, fleire investeringar i tradisjonell industri og meir reiselivsaktivitet vil bidra til å redusere arbeidsløysa i 2017, trur Nav.
Fram mot 2018 ventar Nav at arbeidsløysa i Noreg vil falle noko og at vi får ein moderat oppgangskonjunktur der sysselsettinga vil begynne å auke, viser Navs ferske arbeidsmarknadsprognose.
– Arbeidsmarknaden i Noreg vil framleis vere todelt gjennom 2017. Svak krone og låg rente vil vere positivt for eksportindustrien og turistnæringa, og vi ventar ytterlegare auke i bustadinvesteringane som vil styrkje etterspørselen innan byggje- og anleggsnæringa.
– Framleis minkande oljeinvesteringar bidrar derimot til fall innan oljerelatert sysselsetting. For arbeidssøkjarar blir det derfor viktig å sjå etter jobbmoglegheiter innan andre yrke og i andre delar av landet, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.
I 2016 var talet på heilt ledige i snitt på 84.000. Nav ventar at talet vil bli redusert til gjennomsnittleg 79.000 i år og 76.000 neste år, noko som svarar til ei registrert arbeidsløyse på høvesvis 2,9 prosent og 2,7 prosent.
Summen av heilt ledige og personar på tiltak, den såkalla bruttoarbeidsløysa, er venta å bli 3,5 prosent i år og 3,3 prosent neste år.
Stadig fleire er arbeidsledige lenge. Samanlikna med for eitt år sidan var det i januar 19 prosent fleire registrerte ledige som har vore ledige i meir enn eitt år. Auken har særleg komme innan ingeniør- og IKT-fag i Rogaland og Hordaland.
Flest er likevel arbeidsledige lenge i yrke som krev mindre utdanning.

Publisert: 01.03.2017 10:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42