Dei som leiger ut enkle hytter i skog- og fjellområde har merka auka etterspurnad det siste året.
– Korona fører til at mange er på jakt etter ein spennande og innhaldsrik ferie i Noreg også i år. Det er stor etterspurnad etter overnatting og turtips i desse dagar, seier rådgivar i Norges Fjellstyresamband, Torgeir Lande, til Nationen.
Både fjellstyra og nettportalen Inatur merkar aukande interesse for eit nøysamt og berekraftig hytteliv, og trur 2021 kan bli den best utleigesesongen gjennom tidene.
På dei litt over 200 statsallmenningane i Sør-Noreg har fjellstyra mange hytter som står opne eller som det er mogleg å leige.
Rådgivar i Inatur Norge, Gudmund Nygaard, opplyser til Nationen at Inatur denne sommaren har rundt 1.133 hytter til utleige på portalen sin. Nokre av desse er hytter til fjellstyra, medan andre er eigde av Statskog eller private grunneigarar.
– Inatur hadde rekord i utleige av hytter i 2020 – og ventar ein ytterlegare vekst i 2021, seier Nygaard.
Inatur er Noregs største marknadsplass for jakt, fiske og hytter i norsk natur. Inatur Norge AS er blant anna eigd av Statskog SF, Norges Fjellstyresamband og Norges Jeger og Fiskerforbund.
Publisert: 14.06.2021 16:55
Sist oppdatert: 14.06.2021 16:56





