Dei to siste månadene har det vore gratis å reise med buss i Ålesund, Sula og Giske. Første månaden med tilbodet gav 60 prosent fleire busspassasjerar.
Dette tyder på kampanjen har fungert etter hensikta, seier Stig Helle-Tautra, avdelingsleiar i kollektivtransportselskapet Fram
– Vi håpar mange har fått testa ut kollektivtilbodet i Ålesundsområdet i denne perioden, og at mange vel å reise berekraftig med kollektivtransport i framtida òg.
Frå 22. august har folk i Ålesund, Giske og Sula kunne nytte seg av gratis busstilbod. Kampanjen varer fram til 22. oktober. Frå 23. oktober blir billettprisane dei same som før.
– Det blir spennande å få tala for heile perioden med gratis buss og rabatt på hurtigbåt, og ikkje minst sjå kor mange som held fram med å reise kollektivt etter denne perioden, seier Helle-Tautra.
Publisert: 19.10.2022 05:48
Sist oppdatert: 19.10.2022 05:49





