NPK-NTB: Folkehelseinstituttet (FHI) meiner at eit forbod mot fritidsreiser utanlands kan vurderast for norske borgarar.
I tilrådinga si til regjeringa om reiserestriksjonar skriv FHI at Noreg kan vurdere eit forbod mot fritidsreiser utanlands for norske borgarar.
«Smitterisikoen heng saman med det totale talet som reiser inn og ut av landet», står det i tilrådinga.
FHI skriv at UDs reiseråd om å unngå alle unødvendige reiser til alle land i stor grad har bidrege til at færre borgarar reiser utanlands.
I tilrådinga viser FHI til Belgia, som i ein avgrensa periode har bestemt at «ikkje-essensielle reiser frå Belgia til utlandet er forbode for personar som primært er busette i Belgia» – og at «ikkje-essensielle reiser til Belgia er forbodne for personar som primært er busette i utlandet».
Her er det likevel enkelte unntak frå forbodet, som mellom anna forretningsreiser, medisinsk behandling og besøk av næraste familie.
Publisert: 10.02.2021 12:58
Sist oppdatert: 14.02.2021 22:13





