Kort fortalt

Prisane har stige 6,5 prosent siste året

Konsumprisindeksen søkk sist månad.

09.12.2022
(NPK-NTB): Prisane i Noreg har stige med 6,5 prosent frå november i fjor til november i år. Høge straumprisar forklarer mykje av auken.

Frå oktober til november 2022 sokk konsumprisindeksen 0,2 prosent, og var i november 6,5 prosent høgare enn for eitt år sidan.

– Det vart målt ein sterkare oppgang i straumprisane frå oktober til november i fjor samanlikna med i år. Dette er hovudgrunnen til at tolvmånadersveksten går ned frå 7,5 prosent i oktober til 6,5 prosent i november, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB.

Blant vare- og tenestegruppene som har hatt kraftigast prisoppgang finn vi matvarer, møblar, hotell- og restauranttenester og dessutan bilar.

Publisert: 09.12.2022 08:34

Sist oppdatert: 09.12.2022 08:35