Kort fortalt

Prisane steig i mars

Dyrare flyreiser og drivstoff gav prisstiging i mars

11.04.2016
(NPK-NTB): Høgare prisar på både flyreiser og drivstoff førte til ei prisstiging på 0,5 prosent frå februar til mars, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Ifølge SSB-tala for mars som vart lagt fram måndag, steig prisane på flyreiser med heile 17,2 prosent berre frå februar til mars. Oppgangen er kraftigare enn kva som har vore normalt i denne perioden, og kjem på toppen av ein prisoppgang på 17,7 prosent frå januar til februar.
Flyprisane har no nådd det høgste nivået nokosinne. SSB-analytikarane reknar med at den store auken frå februar til mars kjem av den tidlege påska i år.
Etter nokre månadar med nedgang steig prisane på drivstoff i mars. Dieselprisane steig heile 8,3 prosent frå februar til mars, mens prisane på bensin gjekk opp 3,9 prosent. Også prisane på parkering steig. Samla auka transportindeksen med 2,5 prosent.
Dei siste tolv månadane har konsumprisindeksen stige med 3,3 prosent, 0,2 prosentpoeng meir enn månaden før. Den såkalla kjerneinflasjonen – KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer – auka 3,3 prosent dei siste tolv månadane.

Publisert: 11.04.2016 13:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47