Kort fortalt

Prislås-kampanjen er over

Kiwi avsluttar kampanje mot prisauke.

02.05.2023

NPK-NTB: Kiwi har dei siste månadene hatt ein kampanje der dei ikkje har auka prisane på ei rekkje matvarer. No er kampanjen over.

– Kampanjen er no avslutta. Vi har likevel ikkje sett opp prisane i dag, seier kommunikasjonssjef Kristine Aakvaag Arvin til VG.

Daglegvarekjeda starta først med ein prislås-kampanje på 145 varer i september i fjor, der dei lova at prisane ikkje skulle setjast opp. For tre månader sidan la dei til 100 varer til.

Det skjedde i samband med at det var venta at daglegvarekjedene ville setje opp prisane sine frå 1. februar fordi det er då prisane frå leverandørane normalt aukar.

Kampanjen har også ført til at lågpriskonkurrentane Coop Extra og Rema 1000 har følgt etter, slik at det ikkje vart noko av det venta prishoppet.

Arvin i Kiwi vil ikkje seie noko om korleis dei vil endre prisane sine i tida framover, men seier at dei erstattar den noverande prislåsen med det dei kallar ein sunnare prislås ut august. Det inneber ein låst pris på over 150 varer, der 100 av dei er sunnare alternativ.

Publisert: 02.05.2023 08:37

Sist oppdatert: 02.05.2023 08:37