Kort fortalt

Raudgrønt fleirtal i Hordaland

For første gang sidan stortingsvalet 2021.

26.06.2025

NPK-NTB: Ei fersk meiningsmåling gir dei raudgrøne åtte av 15 mandat i Hordaland valkrins. Det gir fleirtal for første gong sidan stortingsvalet i 2021.

Arbeidarpartiet går fram til 27,8 prosent, medan Høgre fell tilbake til 18 prosent. Valekspert Johan Giertsen seier dette svekkjer Høgres vinnarsjansar nasjonalt:

– Når borgarleg side ikkje vinn mandat i eit fylke som Hordaland, med dei borgarlege tradisjonane som er her, blir det vanskeleg å vinne valet, seier han til Bergens Tidende.

Ap tek eitt mandat frå Frp, og Sp tek eitt frå Venstre. Dermed blir fordelinga endra frå 9–6 i borgarleg favør i mai, til 8–7 for dei raudgrøne no.

Giertsen meiner målinga tilseier 32 prosent for Ap og 15 for Høgre på landsbasis. Han peikar også på at under halvparten av Høgres 2021-veljarar seier dei vil stemme Høgre igjen:

– Du må mange år tilbake for å finne tilsvarande låg lojalitet blant Høgre-veljarane. Det er veldig spesielt – og eit faresignal.

Raudt går fram til 6,3 prosent, medan Frp, som går tilbake 1,9 prosentpoeng til 19,5 prosent, er nærast å ta eit ekstra mandat.

Publisert: 26.06.2025 08:35

Sist oppdatert: 26.06.2025 08:35