NPK-NTB: Utrekningar viser at Noreg treng 400 millionar liter biodrivstoff i 2030. For eitt år sidan var anslaget fire gonger så høgt, men så eksploderte elbilsalet.
Ved månadsskiftet var det 105.000 registrerte elbilar i Noreg. For berre tre år sidan trudde styresmaktene vi måtte vente til 2030 før det var så mange elbilar på vegane, skriv og Schibsteds regionaviser.
I fjor mente transportetatane at behovet for biodrivstoff ville vere 1,7 milliardar liter i 2030, mens klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) seier nye utrekningar no viser eit behov på 400 millionar liter. Det er mykje mindre enn det målet politikarane i budsjettforliket i fjor vedtok for 2020. Det ligg føre store investeringsplanar for produksjon av biodrivstoff i Noreg, men inntoget av elbilar gjer altså at behovet ser ut til å vere mindre om tretten år enn om tre år.
– Eg trur det er realistisk at vi ikkje sel fossilbilar etter 2025. Alt i januar og februar ser vi at nesten halvparten av nybilsalet er el og hybrid. Det tyder på at vi kjem til å sjå ei utvikling vi kanskje ikkje er førebudd på, seier Helgesen.
Han synest dei nye utrekningane frå Miljødirektoratet er «veldig interessante», men seier det også er ein risiko for at dei kan bremse opptrappingsplanen for biodrivstoff.
(©NPK)

Publisert: 16.03.2017 08:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42