Kort fortalt

Reiselivsmeldinga utsett – igjen

Over eit halvt år forseinka.

08.02.2017
(NPK-NTB) Regjeringa får kritikk for å utsette den etterlengta stortingsmeldinga om reiselivet endå ein gong.
Næringsdepartementet opplyser til Dagsavisen at "meldinga kjem før påske". I juli i fjor var beskjeden at "meldinga kjem i haust" og i november svarte departementet at "Vi er heilt i innspurten med den meldinga".
– Eg reagerer med djup skuffelse. Eg pustar tungt no, seier reiselivsdirektør Line Endresen Normann i Virke. Ho peikar på at det er over 15 år sidan førre reiselivsmelding.
– Det er på høg tid med ei ny som seier noko om kva norsk reiseliv skal vere.
Arbeidarpartiets reisepolitiske talsperson Ingrid Heggø fryktar at Stortinget ikkje rekk å behandle meldinga i denne perioden.
– Dersom ho ikkje kjem før påske blir ho ikkje eingong behandla av dette Stortinget, seier ho.
Statssekretær Dilek Ayhan (H) i Næringsdepartementet forklarar forseinkingane slik:
–Arbeidet med reiselivsmeldinga har vore meir omfattande enn venta, men departementet jobbar for at meldinga skal leggjast fram så snart som mogleg. Meldinga kjem før påske, slik at Stortinget kan behandle den innan hausten 2017, seier ho.

Publisert: 08.02.2017 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42