Kort fortalt

Rekord for Lerøy

Auka omsetnaden med 43 prosent.

11.05.2017
(NPK-NTB): Lerøy Seafood Groups driftsresultat for første kvartal 2017 er dobla frå same periode i fjor. Det beste resultat nokosinne, ifølgje selskapet sjølv.
Lerøys driftsresultat før verdijustering av biomasse var 1,28 milliardar kroner i første kvartal 2017, mot 584 millionar kroner i same periode i 2016. Det går fram av som vart lagt fram torsdag.
Omsetnaden var 5,5 milliardar kroner i første kvartal 2017 – ein auke på 43 prosent frå første kvartal i fjor.
– Lerøy Seafood Group oppnår den høgste omsetninga og det beste driftsresultat i noko kvartal i historia til konsernet, seier konsernleiar Henning Beltestad i ei fråsegn.
Resultatet før skatt og før verdijustering av biomasse var 1,3 milliardar kroner, mot 592 millionar kroner i første kvartal i fjor.

Publisert: 11.05.2017 08:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42