NPK: Forskingsrådet lyser no ut eit rekordhøgt beløp til innovasjonsprosjekt i næringslivet.
− Regjeringa har som mål at Noreg skal vere eitt av Europas mest innovative land. Derfor har vi styrkt ordningar som bidrar til meir forsking og innovasjon. På den måten legg vi til rette for solide verksemder og nye arbeidsplassar, seier næringsminister Monica Mæland.
Forskingsrådets direktør John-Arne Røttingen fortel at alle bedrifter kan søke om støtte gjennom utlysinga.
− Både etablerte bedrifter og start-ups i alle bransjar og sektorar vil finne ei moglegheit som passar for dei i denne utlysinga, seier John-Arne Røttingen, administrerande direktør i Forskingsrådet.
No håpar Forskingsrådet på mange spennande prosjekt når dei går gjennom søknadene etter fristen 11. oktober.
− Vi oppfordrar alle kunnskapsintensive bedrifter til å dyrke fram nye idear og å auke samarbeidet med forskingsinstitusjonar både i Noreg og i utlandet. For å lykkast i omstillinga må endå fleire vere med å tenkje nytt, vi må utnytte større delar av kompetansen og idérikdommen som finst i næringslivet, seier Røttingen.

Publisert: 23.05.2017 22:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41