NPK: Det er det minste nokon gong, skriv Fiskeribladet.
I fjor var det 22 kvalfangstbåtar som fekk løyve. I 1993, då fangsten vart teken opp att etter fem års fangstforbod, var det rundt 35 fartøy som starta opp.
– Det har skjedd ei gradvis avskaling. Men det er tidleg å konkludere i forhold til årets fangst. Det er framleis mogleg å melde seg på, og fleire kan komme til etter kvart, meiner Per Rolandsen som har følgt omsetnaden av kvalkjøt via Norges Råfisklags Svolværkontor i ei årrekke.
Men samtidig brusar verneorganisasjonar ute med fjøra. Ein koalisjon av desse har nyleg offentleggjort ei pressemelding der dei på det sterkaste fordømmer den norske fangsten.

Publisert: 10.04.2017 12:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42