Richard Grov Foto Marius Rosbach 11
GODT FJORÅR: Trass i svekka lønnsemd, var 2022 eit godt år for konsernet som blir leia av Richard Grov. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Rekordomsetning for Stryn-hotell

Men lønnsemda vart dårlegare.

26.05.2023

Loen-konsernet med Hotel Alexandra sette ny rekord i fjor med ei samla omsetning på 265,5 millionar kroner, ifølgje avisa Fjordingen.

Hotell og reiselivskonsernet i Stryn består i tillegg til hotellet, av Loen Skylift og Loen Active.

Resultat før skatt enda på drygt 19 millionar – som er nær ei halvering frå året før.

Hotelldirektør og eigar Richard Grov fortel til avisa at årsaka til at resultatet vart nær halvert, var at dei nytta meir enn 37 millionar kroner av eigen kapital til å pusse opp og gjere andre investeringar.

Gondolbana Loen Skylift sette solid besøksrekord med 125.400 reisande, som førte til rekordbra omsetning og overskot også i det selskapet.

- Alle prognoser tyder på at 2023 endar med ny, solid besøksrekord, seier Grov til avisa.

Hotell og reiselivskonsernet har kring 200 årsverk i arbeid.

Publisert: 26.05.2023 14:09

Sist oppdatert: 26.05.2023 14:10

Mer om