Montasje hotel alexandra oppussing 11
PUSSA OPP: Loen-hotellet har dei siste åra investert i spa- og konferanseavdeling. I fjor fekk dei også pussa opp ein rekke av romma og fellesareala. Foto: Hotel Alexandra
Nytt

Rekordlønnsemd trass pandemibrems halve året

Ved å droppe permitteringar og halde folk i arbeid, fekk Hotel Alexandra pussa opp - og eit superår økonomisk.

Marius Rosbach
21.07.2022

Rekneskapen til Hotel Alexandra som no er offentleg, viser at besøk av norske gjestar ga Loen-hotellet eit nytt svært godt økonomisk år i 2021.

– Vi kan trygt seie at også 2021 har vore nok eit år med oppturar og nedturar, skriv leiinga.

I løpet av dei to siste «pandemiåra» har det familieeigde reiselivskonsernet i Stryn fått god lønnsemd med godt betalande nordmenn på tur.

Lønstilskot framfor permitteringar
I den fyldige årsrapporten for 2021 påpeiker leiinga at dei staden for omfattande permitteringar – som då koronapandemien slo til i 2020 – valde dei i fjor ordninga med lønntilskot.

Det gjorde at dei tilsette fekk arbeid å gå til. I periodane med nedstenging, nytta hotellet høve til å pusse opp med innsats frå dei tilsette.

– Større oppsussingar har blitt gjort i spisesalen og romfløyane. 38 rom og 17 bade er totalrenoverte, og alle korridorar og dører frå 2. til 6. etasje er ferdigstilte, skriv leiinga.

Også Hotel Loenfjord haldt stengt heilt fram til 11. juni. Her nytta dei mellom anna tida til å bygge ferdig tak over ein uteterasse.

Større oppsussingar har blitt gjort i spisesalen og romfløyane
Årsrapporten for 2021

Rekordstort overskot
Omsetninga i fjor hamna heilt oppe på rekordnivå (berre nokre hundretusen frå tangering, journ. anm.), og overskotet har aldri vore større (sjå tabell under).

Samtidig fortel årsrapporten om korleis koronapandemien påverka drifta kraftig i om lag halve året.

Loen-hotellet opna først i februar, men koronarestrikasjonar la ein dempar på vinterferiebesøket.

Hotel Alexandra

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
145,2
119,1
Driftsresultat
22,4
10,9
Resultat før skatt
15
7

God sommar og «svært hektisk» haust
Utover våren gjorde ulike smitteverntiltak også at besøket var langt mindre enn normalt. Frå slutten av april valte hotellet likevel å halde ope, sjølv om mai var ein svak månad grunna nye restrikasjonar.

– I løpet av juni merka vi eit klart stemningsskifte og etterspurnaden tok seg kraftig opp, skriv leiinga i årsrapporten.

Deretter følgde ein supersommar med «stor pågang og store besøkstal», og ein «svært hektisk haust», heiter det vidare.

Hotellet sette nye rekordar både i oktober og november, før desember igjen blei prega av nedstenging og ain amputert julebordsesong og sesongavslutning.

(saka held fram under)

Richard grov 11 foto marius
OPP- OG NEDTURAR: Dei siste åra har gitt både opp- og nedturar for hotelldirektør Richard Grov ved Hotel Alexandra. Samtidig som pandemien har gitt nedstengingar, har konsernet rekordlønnsemd. Foto: Marius Rosbach
Knapt besøk frå utlandet
Trafikken frå norske gjestar gjekk ned eit lite hakk frå 2020, men utgjorde framleis heile 97,4 prosent av belegget.

I mai i år fortalde hotelldirektør Richard Grov til NETT NO at han rekna med at også 2022 vart eit «annleisår» med lite besøk frå utlandet.

Samtidig har Ukraina-krigen auka besøket til fleire cruisehamnar på Vestlandet, som eit alternativ til seglasar i Østersjøen.

Godt år for gondolbane og turar
Ulike delar av konsernet blei råka av pandemien. I tillegg fekk Loen Skylift ein driftsstans midt i løpet av fjoråret. NETT NO omtala tidlegare i veka korleis fleire av selskapa likevel har hatt rekordlønnsemd dei siste åra.

Lønnsemda har vore svært god både for gondolbana Loen Skylift og guide- og turselskapet Loen Active.

I tillegg til Alexandra-hotellet, består konsernet av Hotel Loenfjord og eit eigedomsselskap med til saman 86 bustader for tilsette.

Styret konkluderer med at konsernet er godt rusta for framtida. Etter eit par år utan utbyte, blei det teke ut 2,3 millionar kroner etter fjorårets rekordresultat.

Publisert: 21.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 21.07.2022 12:22