Kort fortalt

SalMar politimeldt for massedød på laks

Massedød under lusefjerning.

06.04.2016
(NPK): Dyrevernalliansen har meldt SalMar til politiet for brot på dyrevelferdslova etter at over 300 tonn oppdrettslaks døydde på ein halvtime i samband med fjerning av lakselus i fjor.
Det var 24. november 2015 at det oppstod massedød på lokaliteten til oppdrettsfirmaet SalMar på Frøya i Sør-Trøndelag. Fjerninga av lakselus skjedde ved at fisken vart pumpa frå merden og inn i ein brønnbåt. Inne i brønnbåten vart fisken eksponert for kjemiske stoff.
– Dette gjeld eit svært høgt tal på dyreliv, og dei har truleg lidd ein ekstremt smertefull død. Avlusingsmidla veit vi forårsakar etseskadar på gjellene til fiskane, og når midla er ujamt fordelt i vatnet kan enkeltfiskar bli utsette for uvanleg høge konsentrasjonar, seier kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen Live Kleveland. (©NPK)

Publisert: 06.04.2016 13:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47