Fylka Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag og Vestland kan vere i ferd med å ta eit felles løft for å utvikle snøggbåtar for framtida. No vil dei byggje kvar sin testbåt.
Med 56 millionar kroner frå Miljødirektoratets Klimasats, ti millionar frå fylka og ein føresetnad om at også industrien skal bidra økonomisk, lyser fylka no ut konkurransar om hurtigbåtdesign, skriv E24.
– Vi har delt det i to. Det første pilotprosjektet gjekk ut i førre veke. Her ønskjer vi å få inn energieffektive design uavhengig av drivstoff, og vi er veldig spente på kven som er med når fristen går ut i oktober, seier Lars Fabricius, prosjektkoordinator i Trøndelag.
Fabricius fortel at den neste piloten blir lyst ut ved årsskiftet, og vil gjelde utvikling av ein hydrogenbåt.
– Så er draumen at kvart fylke skal få bygd eit fartøy, slik at det til saman blir bygd fire båtar i pilotprosjektet, seier Fabricius.
Truleg vil det koste 700 millionar kroner å byggje fire fartøy.
Dagleg leiar Torbjørn Bringedal i LMG Marin AS meiner det hastar om Noreg vil vere verdsleiande på utviklinga av snøggbåtar på hydrogen. Selskapet driv med skipsdesign og har oppdrag over heile verda.
Bringedal synest ønsket om å byggje fire testbåtar høyrest mykje ut. Han meiner fylka heller bør konsentrere satsinga og ikkje vere for opptatt av spesielle behov i dei enkelte fylka.
– Det er teknologien som er viktig. Tilpassingane skal vi få til med 700 millionar, seier han til avisa.
Publisert: 17.09.2021 14:58
Sist oppdatert: 17.09.2021 14:59





