Kort fortalt

Sandberg møter motstand

Fryktar negative konsekvensar i nord.

05.04.2017
(NPK-NTB): Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) møter motstand også frå samarbeidspartia Venstre og KrF for forslaget om å avvikle pliktsystemet til torsketrålarane.
Tidlegare har Senterpartiet, SV og Arbeidarpartiet tatt til motmæle mot forslaget. No får regjeringa også motstand frå støttepartia.
– Leveringsplikta er ein berebjelke, og eg trur ikkje dette er rette vegen å gå, sa Dagrun Eriksen i Nordland KrF til måndag.
I helga gjekk Venstres landsmøte inn for å halde på leveringsplikta.
– Det er ikkje akseptabelt at verdifulle fiskeressursar med ei tilhøyrande leveringsplikt blir sendt til lågkostland for omarbeiding, heitte det i vedtaket.

Tre ordningar

Leveringsplikta inneheld tre ordningar som samla skal sikre aktivitet ved fiskemottaka i Nord-Noreg og hindre juks med kvotar og råstoff. Sandberg vil avvikle systemet mot ei avkorting på 20 prosent av verdien på aktivitetspliktige torskekvotar.
Forslaget har hausta kraftig motbør i fiskerimiljøet og lokalsamfunn i nord. Tysdag var det høyring om forslaget i Stortingets næringskomité. Fleire av deltakarane opna for justeringar i pliktsystemet, men LO, Fiskebåt og Norges Fiskarlag hadde alle kritiske merknader.
– Regjeringsforslaget til omfordeling av kvotar mellom fartøygrupper bryt med dei føresetnader som har vore lagt til grunn av ei samla næring, sa assisterande generalsekretær Jan Birger Jørgensen.

– Modig

Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge meiner Sandberg er modig som foreslår ei avvikling av pliktsystemet og anmoda partia på Stortinget om å "løfte seg ut av valkampmodus".
Lofotrådets leiar Hans Fredrik Sørdal meiner på si side at ei oppheving av pliktene vil gå utover landanlegg i Stamsund og få negative konsekvensar for heile regionen.
Sandberg meiner derimot at leveringsplikta er utdatert, og at ordninga i realiteten har liten oppslutning.
– For heile Nord-Noreg vil dette bety mykje for lønsemda. Ingen er fornøgd med pliktsystemet. Ingen står fram og seier det fungerer, har Sandberg tidlegare uttalt til NTB.
Han seier endringane vert gjort for å skape føreseielegheit og legitimitet i eit system som skapar lønsemd og busetjing langs kysten.

Publisert: 05.04.2017 06:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42