Hotelldirektør Vivi-Ann Teige har i dag informert styret om at ho ynskjer nye utfordringar og seier difor opp stillinga som administrerande direktør ved Hotell Ivar Aasen i Ørsta.
Dette opplyser styreleiar Thomas Lundberg .
I ei pressemelding vert det vist til at styret takkar Teige for jobben ho har gjort og ynskjer henne lukke til vidare.
- I ein overgangsfase til ny leiing er på plass, vil styret arbeide tett saman med dei tilsette og sikre at tilsette, gjestar og besøkande på Hotell Ivar Aasen får gode opplevingar på hotellet.
- Styret ser Hotell Ivar Aasen sine moglegheiter for utvikling og vekst som store, og vil være ein medspelar i høve utviklinga av ny plan for reiselivsnæringa i Ørsta kommune og auka samarbeid med lokale arrangørar og organisasjonar, seier Lundberg.

Publisert: 03.03.2017 10:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42