Kort fortalt

Seismikkselskap seier opp 25 tilsette

EMGS må kutte.

14.04.2016
(NPK-NTB): ElectroMagnetic GeoServices (EMGS) reduserer bemanninga med 15 prosent. Seismikkselskapet seier opp 25 tilsette, av dei tolv som jobbar i Noreg.
Det er dei dårlege tidene i oljebransjen som gjer at selskapet må kutte.
– Mens interessa for teknologien vår framleis er stor, så utset, avlyser og reduserer våre kundar prosjekta, noko som gir lågare etterspørsel etter våre tenester, skriv administrerande direktør Christiaan Vermeijden i ei torsdag.
Til opplyser HR-sjef Charlotte Knudsen at totalt 25 tilsette må gå, tolv av dei ved dei norske kontora.
EMGS vart etablert i 2002, og hovudkontoret ligg i Trondheim. Selskapet var i 2015 gjennom to rundar med kutt. (©NPK)

Publisert: 14.04.2016 09:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47