Kort fortalt

Sender forslag på høyring

Per Sandberg vil gjere FHF til statleg aksjeselskap

30.05.2017
NPK: Nærings- og fiskeridepartementet vil omdanne Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF) til eit statleg aksjeselskap, og sender no forslaget ut på høyring.
– Næringa gjer ein viktig innsats gjennom FHF for å forske fram løysingar på utfordringar i dei marine næringane. Med dette forslaget ønskjer eg å leggje til rette for at næringa også framover vil vere ein viktig bidragsytar i den marine forskingsinnsatsen, seier Per Sandberg.
Sjømatnæringa bidrar til den marine forskingsinnsatsen gjennom FHF, som finansierer forskings- og utviklingsoppgåver som næringa ønskjer gjennomført.
– Å omdanne Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF) til eit aksjeselskap vil gi eit ryddig forhold mellom departementa og FHF, og det gir FHF fridom til å disponere forskingspengane dei forvaltar slik næringa ønskjer, seier fiskeriminister Per Sandberg.
FHF er i dag eit forvaltningsorgan, og vert finansiert av ei avgift på 0,3 % av eksportverdien av fisk og fiskevarer. FHFs inntekter i 2016 var 274,5 millionar kroner.

Publisert: 30.05.2017 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41