(NPK-NTB): Miljøstandarden som blir brukt til å sertifisere norske oppdrettsanlegg, tillèt rømming og uavgrensa bruk av lusemiddelet hydrogenperoksid. Naturvernforbundet er svært kritisk til ordninga.
Den såkalla ASC-standarden tillèt rømming av inntil 300 fisk per produksjonssyklus, og det er ingen avgrensingar i bruken av bleikjemiddelet hydrogenperoksid, ifølge . Så langt er over 100 anlegg i Noreg godkjende etter standarden, som er utvikla av WWF og oppdrettsnæringa.
– Det er jo eit sinnssjukt forbruk av hydrogenperoksid som absolutt burde vore tatt omsyn til i den standarden. Og vi reagerer på ein standard som tillèt rømming i det heile. Kravet burde sjølvsagt vere null rømt fisk., seier generalsekretær Maren Esmark i Naturvernforbundet.
WWF-fagsjef Karoline Andaur er einig i at ASC har svakheiter.
– Vi må derfor jobbe for at også hydrogenperoksid blir tatt inn når ASC skal reviderast slik at det blir sett klare krav til bruken, seier ho. Andaur seier WWF også ønskte nulltoleranse for rømming.
– Men vi var jo ikkje dei einaste som sat i gruppa som forma ut kriteria. ASC-standarden er sett frå vårt ståstad ikkje perfekt, men det var eit kompromiss, seier ho. (©NPK)

Publisert: 07.04.2016 08:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47