NPK: Det er sett inn fleire bussar i rushtida i Ålesund, Molde og Kristiansund. Årsaka er det muterte koronaviruset.
– Sjølv om vi set inn ekstra bussmateriell på dei mest trafikkerte rutene og tidspunkta, er kapasitetsauken i seg sjølv ikkje nok. Vi er avhengige av at dei som kan brukar alternative transportmåtar eller reiser utanfor rushperiodane, seier seksjonsleiar Jesper Wiig i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Han opplyser at statsforvaltaren og kommuneoverlegane i dei tre kommunane er samde om at det må setjast i verk fleire tiltak for å redusere presset i kollektivtrafikken.
I tillegg til kapasitetsauken er det no eit tett samarbeid med bykommunane, NTNU, fagskulen og vidaregåande skular for å fordele dei reisande på fleire avgangar.
Dette kan føre til at elevar på ein del skular kam oppleve ei mindre forskuving av skuledagen.

Publisert: 05.02.2021 23:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23