(NPK-NTB): Havarikommisjonen meiner forhold knytt til sikkerheitsrutinane til operatørselskapet truleg medverka til RIB-ulykka i Olden i 2015, der ein mann omkom.
har granska ulykka og meiner blant anna at forhold som er knytt til sikkerheitsrutinane til operatørselskapet truleg medverka til ulykka.
Tre personar fall over bord frå ein RIB-båt som var på sightseeingtur med ni turistar frå eit cruiseskip i Olden i Sogn og Fjordane i juli 2015. To av passasjerane blei berga, medan den 57 år gamle båtføraren omkom.
Ifølgje kommisjonen var det fleire sikkerheitsproblem før båtturen starta, blant anna hadde ikkje båtføraren på seg flytedrakt, men ein fôra arbeidsdress. Kommisjonen skriv at båtføraren hadde gyldig helseerklæring, men at helsetilstanden likevel tilsa at han ikkje burde køyrd båt dagen då ulykka skjedde.
Ulykka skjedde då båten brått retta seg opp etter ei krenging, som førte til at båtføraren og to passasjerar hamna i sjøen.
Havarikommisjonen anbefaler blant anna at operatørselskapet bør revidere sikkerheitsstyringssystemet sitt og at Sjøfartsdirektoratet bør skaffe seg oversikt over RIB-næringa og innføre fleire tiltak for å styrke sikkerheita.

Publisert: 14.03.2017 21:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42