Kort fortalt

Siste Innovern-tilsette permittert

Sjefen håpar å kunne ta dei inn att.

20.12.2022

Frå årsskiftet vil dei fire siste tilsette i smittevernbedrifta Innovern blir permittert og berre dagleg leiar Grethe Loe vil vere i arbeid, ifølgje avisa Nyss.

- Styret har framleis trua på at det vil komme ny produksjon slik at vi kan hente dei inn att, seier Loe til avisa.

Årsaka til permitteringane, er at bedrifta ikkje har meir råmateriale på lager.

Bedrifta håpte på statlege innkjøp skulle sikre vidare drift, men har kome til at dei ikkje kan basere seg på det. Som NETT NO tidlegare har omtalt, er Innovern med i eit omstillingsprosjekt der dei håpar å finne nye bein å stå på.

Publisert: 20.12.2022 22:37

Sist oppdatert: 20.12.2022 22:39

Mer om