(NPK): Kan fisk i kosthaldet ha ein gunstig effekt mot fedme og diabetes og betra konsentrasjon og læring hos barn og unge ? Dette er blant temaa som vil bli kasta lys over frå mange synsvinklar på ein stor konferanse i Bergen i september.
– Det er på ein måte opplese og vedteke at fisk og annan sjømat er sunn. Vi veit mykje om sjømat og helse, og stadig fleire mekanismar i denne samanhengen blir no stadfesta av nye forskingsresultat, seier avdelingsdirektør Vidar Skagestad i
Det er Forskingsrådet og Fiskeri- og havbruksnæringenes forskingsfond som inviterer til konferansen. Målet er å skapa auka merksemd om kva verdi sjømat har for helsa og avklara framtidige forskingsbehov, heiter det på nettsidene til Forskingsrådet.
Målgruppa for konferansen er både forskarar og folk frå næringslivet, styresmaktene og forvaltninga. (©NPK)

Publisert: 07.06.2016 19:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45