Per Vidar Kjolmoen NHO debatt Foto Marius
ULSTEINVIK: Per Vidar Kjølmoen (Ap) var mellom fylkestoppane som deltok på debatt i regi av NHO i Ulsteinvik torsdag førre veke. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ap-topp med skremmeskot om formuesskatt

Om nordmenn skal likebehandlast med utlendingar betyr det arveavgift og skjerpa eigedomsskatt, påpeikar Per Vidar Kjølmoen (Ap). Sjølv meiner han Norge treng eit skatteforlik.

Marius Rosbach
01.09.2025

Førre veke var ein rekke fylkestoppar samla til politisk debatt i Ulsteinvik i regi av NHO. 

Formuesskatt var første tema i debatten som ikkje hadde lokka fleire enn kring 25 personar til salen på kulturhuset. 

Arbeidarpartiets Per Vidar Kjølmoen meinte det hadde vore ein lite nyansert debatt i valkampen, og merka seg at motstandarane av formuesskatten ber om likebehandling med utlendingar.

– Om det er eit krav om likebehandling – vel – då skal arveavgifta gjeninnførast, eigedomsskattane høgt opp – og andre avgiftar på rikdom skal inn også i Norge, sa Kjølmoen. 

For ordens skuld: Arbeidarpartiet vil verken innføre arveavgift, eller auke eigedomsskatten. 

Poenget til Kjølmoen var å vise til at Norge plasserer seg under snittet av OECD-land når det kjem til skattlegging av all formue. 

Årsaka til det er i første rekke at Norge har fjerna arveavgifta – og ikkje minst at skattlegging av eigedom og bustad er låg samanlikna med dei fleste land. 

Var open til å vurdere skatt på arbeidande kapital
Tidlegare har stortingspolitikaren gått langt i å uttrykke forståing for dei uheldige sidene ved formuesskatten for bedriftseigarar.

Etter å ha blitt utfordra av lokale bedriftseigarar på Sunnmøre i 2021, uttalte Kjølmoen at han «trur Arbeiderpartiet er ope for å kikke på dette med arbeidande kapital».

Den gong var romsdalingen næringspolitisk talsperson i partiet. Etterpå har andre fått den rolla. 

På spørsmål frå Nett No forsikrar Ap-politikaren at han framleis meiner det same.

– Må vere villig til å sjå på alle sider ved skattesystemet
I dag meiner Kjølmoen at han har fått fullt gjennomslag i eige parti, og viser til forslaget frå finansminister Jens Stoltenberg om eit skatteforlik.

– Når vi seier at vi ønsker eit skatteforlik, så meiner vi det. Og vi må vere villig til å sjå på alle sider ved skattesystemet, også formuesskatten. Men dette med arbeidande kapital er eit vanskeleg omgrep, seier han til Nett No. 

Enkelt sagt dreiar det seg mellom anna om at bygningar, maskinar og anna utstyr i selskap blir teke med å utrekninga av formuesskatten til bedriftseigaren. 

Tvilar på at Raudt-forslag kan vere løysing
Men arbeidande kapital inkluderer også aksjar – og då blir diskusjonen meir innfløkt.

Partiet Raudt i Møre og Romsdal har i staden føreslått å trekke ut det dei kallar produksjonsmidlar frå utrekninga av formuesskatten. Slik kan ein unngå diskusjonen kring aksjar, og kome ein del bedriftseigarar i møte. 

– Vi kunne gjerne sett på ei slik løysing, men fordi slike produksjonsmidlar blir nedskrive over tid, så trur eg ikkje at det utgjer så stor del av formuesskatten. Eg trur ikkje det ville vore vanskeleg for Arbeidarpartiet og venstresida å bli samde om noko slikt, men spørsmålet er om det vil halde for høgresida, seier Kjølmoen til eit slikt alternativ. 

Trur det er mogleg å få til eit breitt forlik
Sjølv om Ap-politikaren innleia sitt innlegg i debatten med ei åtvaring om arveavgifta, er han ikkje tilhengar av eit slikt grep. 

– Eg er glad for at vi ikkje har arveavgift i Norge. I valet mellom arveavgift og det å ta litt kvart år gjennom formuesskatten, så synes eg det siste er best. Då slepp ein dei generasjonsskifte som kan bli drepen for eit familieselskap, seier han.

– Men igjen: Eg trur det er viktig at Arbeidarpartiet har ei ope haldning. Når vi inviterer til eit skatteforlik, så må vi vere villige til å sjå på alle sider ved innretninga, legg Kjølmoen til. 

Å kome til eit forlik der alle partia frå Raudt til Frp er med, tvilar han likevel på. 

– Men eg håpar at vi kan få til eit breitt forlik på tvers av blokkene, og det meiner eg Norge treng, seier Kjølmoen. 

Publisert: 01.09.2025 05:00

Sist oppdatert: 31.08.2025 21:53

Mer om