Kort fortalt

Sju størjer i makrellnota

Det var ikkje så populært.

NPK
17.08.2021

Fiskebåten «Vesterhav» fekk nyleg sju makrellstørjer i nota.

– Vi har ikkje kvote på størje, fiskar ikkje etter den og vil heller ikkje ha den i makrellnota, seier skipper Helge Norheim på «Vesterhav» til Fiskeribladet.

Det følgjer med mykje ekstraarbeid med ein slik fangst.

Den største størja vog 293 kilo i fangsten som vart levert måndag. Til saman vart det ein fangst på 1.444 kilo. Med 75 kroner kiloet, gav det ein fangstverdi på 108.000 kroner.

– Vi har ikkje vore med på størjefiske dei siste åra, men har likevel erfaring frå dette fisket frå førre periode med dette fiskeriet. I år har det vore heilt uaktuelt å søkje fordi den store makrellkvoten på over 1.500 tonn må prioriterast. Det er for mykje gambling med å delta i størjefisket, meiner Norheim.

Publisert: 17.08.2021 18:49

Sist oppdatert: 17.08.2021 18:50