NPK-NTB: Noreg eksporterte 151.000 tonn sjømat for 6,8 milliardar kroner i april. Prisane aukar, men volumet er det same i år.
Det er ein volumnedgang på 23 prosent og ein verdinedgang på 7 prosent eller 529 millionar kroner frå april i fjor.
Men hittil i år har Noreg eksportert 886.000 tonn sjømat til ein verdi av 31 milliardar kroner. Eksportert volum er på same nivå som i fjor, mens verdien har auka med 2,3 milliardar kroner eller 8 prosent.
– Trass i redusert eksport av sjømat i april har Noreg hittil i år eksportert same mengde sjømat som på same tid fjor, seier direktør for marknadsinnsikt Asbjørn Warvik Rørtveit i Noregs sjømatråd.
Verdien av norsk sjømateksport har for same periode auka med 8 prosent til 31 milliardar kroner.
– Nedgangen i sjømateksporten i april kjem av i all hovudsak av ei forskyving av påska, som igjen forklarar noko av nedgangen i eksportvolum for våre viktige sjømatprodukt som laks og klippfisk, seier Warvik.

Publisert: 04.05.2017 11:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42