Kort fortalt

Sjømatprotest mot giftdeponi

Sjømatbedrifter til kamp mot deponi ved Ålesund.

27.04.2017
NPK: Eit forslag om å lagre 100.000 tonn giftsediment i eit strandkantdeponi i Ellingsøyfjorden ved Ålesund, vekkjer sterke reaksjonar hos sjømatbedriftene på Ellingsøy.
Ti sjømatbedrifter på Ellingsøya protesterer no mot forslaget. Eit deponi i Ellingsøyfjorden vil bety slutten på milliardnæringa på øya, trur dei.
– Å få eit strandkantdeponi som nabo kan bety kroken på døra for milliardindustrien på Ellingsøy. Næringa står no samla for å få stoppa forslaget om «giftdumping» i Ellingsøyfjorden, skriv Inger-Marie Sperre i Brødrene Sperre AS og Tormod Thomsen i Firmenich Bjørge Biomarin i ei pressemelding, ifølgje Sunnmørsposten.
Bakgrunnen for protesten er ein rapport som selskapet Norconsult har laga for Ålesund kommune der dei tilrår å flytte forureina sjøbotn frå Aspevågen til eit deponi på Flatholmen ved Ellingsøyfjorden, alternativt til deponi ved Kvennaneset eller Gangstøvika.
Dei ti sjømatbedriftene fryktar eit slikt deponi kan gå på omdømmet laus for bedrifter som hentar vatn til matproduksjon frå det same området. Sjøvatnet dei bruker i produksjonen, blir reinsa, men utan at det er mogleg å sile ut miljøgifter som tungmetall.
Bak protesten står desse selskapa: Brødrene Sperre AS, Nils Sperre AS, Gustav Stokke AS, Jacob Bjørge AS, Brødrene Aarseth AS, Firmenich Bjørge Biomarin AS, Mathias Bjørge AS, ABS AS, Bjørge Ocean AS og Korsneset Klippfisk AS.
Av pressemeldinga går det fram at bedriftene på Ellingsøya omsette for rundt 4,5 milliardar kroner i 2016 og sysselset 500–600 personar.

Publisert: 27.04.2017 14:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42