NPK: Reiarlag får no ei ny tilskotsordning å søke støtte frå dersom dei utvidar eller opprettar nye prosjekt som flyttar meir godstransport frå vegen til sjøen.
– Det er i 2017 sett av 82 millionar kroner til ei ordning der reiarar (og reiarlag) i EØS-området kan søke om tilskot til prosjekt som fører til godsoverføring og har ein nytteeffekt for samfunnet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Han viser til at meir gods frå sjø til veg betyr færre trailerar på vegen, noko som både gir miljøgevinst og betre trafikksikkerheit.
Det er Kystverket som skal forvalte tilskotsordninga og dei kan også vere med på å rettleie søkjarar i søknadsprosessen.

Publisert: 17.02.2017 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42