Kort fortalt

Skal bli lettare å byte til yrkesfag

Skal sleppe å starte på nytt ved bytte.

27.02.2017
Regjeringa ønskjer at det skal bli lettare for elevar som har byrja på studiespesialisering å byte over til yrkesfag.
− Når du er ferdig med ungdomsskulen, er det ikkje alltid så lett å vite kva ein vil vidare. Det er naturleg at ein del angrar seg og ønskjer å byte utdanningsprogram. Då må vi sørgje for at slike byte blir lettare å gjennomføre, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
I år er det over 8.300 elevar av dei som starta på yrkesfag som ikkje gjennomfører heile den yrkesfaglege opplæringa, og heller avsluttar vidaregåande med generell studiekompetanse. Det er derimot svært få som går motsett veg.
− Vi veit at vi vil ha behov for mange fagarbeidarar i framtida, så det er viktig å leggje til rette for at fleire vel yrkesfag, også blant dei som starta på studiespesialisering, seier Røe Isaksen.
Kunnskapsdepartementet har bedt Utdanningsdirektoratet om å finne ut korleis byte frå studiespesialisering til yrkesfag kan skje i praksis. I dag er det slik at elevar som vil gjere eit slikt byte, ikkje har rett til å få utteljing for det første året. Dermed må mange gå heile det første året om igjen. No sender Utdanningsdirektoratet ut på høyring ein konkret modell der elevane ikkje må begynne på nytt.

Publisert: 27.02.2017 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42