Han overtek etter Hege Karete hamre, som gjekk til Sparebank 1 SMN.
I ei pressemelding frå arbeids- og inkluderinsgsverksemda Furene vert det opplyst at ei tilsettingsnemnd oppnemnd av styret har dei siste månadane arbeidd tett saman med rekrutteringsbyrået Mercuri Urval for å finne rett kandidat til leiarjobben i Furene.
Før Eldor Skeeide kom til Furene i 2010, hadde han 25 år bak seg som dagleg leiar og administrerande direktør i organisasjonar og selskap på Sunnmøre som: Hødd, Sunnmørshallen, Convex, Bohus Møre, og Westing.
Han har sidan 2010 vore leiar for prosjekt og utvikling i Furene og vore ein del av den sentrale leiargruppa. Skeide har vore sterkt delaktig i den positive utviklinga bedrifta har hatt i ei periode med endra rammevilkår og større krav til omstilling i bransjen.
- Vi opplevde stor interesse for stillinga og er trygge på at vi har fått ein dyktig toppleiar på plass for å møte dei spanande utfordringane selskapet står ovanfor, seier styreleiar Inge-Jonny Hide, i pressemeldinga.
- Eg ser fram til å vere ein tydeleg ambassadør for Furene sitt samfunnsoppdrag, og saman med dyktige medarbeidarar, utvikle Furene vidare som ein profesjonell aktør i levering av tenester og produkt til kundar og lokalbefolkninga på Søre Sunnmøre, seier Eldor Skeide
Han tiltrer stillinga 1. august.
Furene har hovudkontor i Volda, og med avdelingar i Ørsta, Ulstein, Herøy og Vanylven.
I 2016 fekk over 100 personar løna arbeid gjennom tiltak Furene AS leverer på oppdrag frå NAV.
Totalt fekk over 700 personar arbeidsretta tenester i Furene i løpet av 2017. I tillegg til kjerneverksemda arbeidsinkludering, er Furene og ein betydeleg leverandør av varer og tenester til næringslivet i regionen. Furene AS har 50 tilsette og ein omsetnad på omlag 55 mill. kroner.

Publisert: 11.07.2017 13:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41