Kort fortalt

Skrotar vindkraftprosjekt ved Sognefjorden

Regjeringa seier nei.

24.06.2021

(NPK-NTB): Regjeringa seier nei til eit vindkraftprosjekt på Dalsbotnfjellet i Gulen kommune ved Sognefjorden, skriv Bergens Tidende.

Selskapet Zephyr AS skulle setje opp rundt 25 vindturbinar på fjellet. Totalhøgda på turbinane ville vore på 160 meter, og kraftverket skulle produsere straum nok til 22.500 husstandar.

Konsesjonsvedtaket, som kom for åtte år sidan, fekk ti klager. Mellom anna har klagarane argumentert med at vindkraftverket kan skade turismen i området, og føre til konsekvensar for fugl, friluftsliv og naturverdiar.

– Dei som har klaga har fått medhald. Konsesjonen er ikkje lenger gyldig, seier klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn (V) til avisa.

– Årsaka til dette er at prosjektet har gjennomgått store endringar sidan det vart lansert og fekk konsesjon. Det handlar om alt frå høgda på mastene og talet, seier Rotevatn vidare.

Lokal motstand mot prosjektet blir oppgitt som utslagsgivande for at regjeringa har snudd. Folkevalde i kommunen har sagt nei til prosjektet. Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) seier at det «skal vere lokal tilslutning før ein startar slike prosjekt».

– Dette er svært gledeleg. Dette har vi venta lenge på. Endeleg har folkeviljen sigra, seier ordførar Hallvard Oppedal (Sp).

(©NPK)

kari.hamre@npk.no

Publisert: 24.06.2021 09:09

Sist oppdatert: 24.06.2021 09:20

Mer om