NPK: Med 19 ladestasjonar har Sogn og Fjordane det beste tilbodet i landet i forhold til talet på elbilar som rullar i fylket, ifølgje Grønn kontakt.
– Det er uproblematisk å køyre elbil langs hovudvegane i Sogn og Fjordane. Det krev ingen særleg planlegging lenger, seier dagleg leiar Ole Henrik Hannisdahl i Grønn kontakt til NRK. Selskapet hans er eigd av 23 kraft- og nettselskap i heile i landet.
Dei fekk anbodet på å byggje ut hurtigladestasjonar langs E39, riksveg 5 og riksveg 15, og har 14 av stasjonane. Kravet til å få statlege løyvingar er at det ikkje skal vere meir enn fem mil mellom kvar stasjon.
Ved utgangen av mars i år var det 725 registrerte elbilar i Sogn og Fjordane.
– Målt pr. elbil er Sogn og Fjordane fylket med best ladedekning. Talet på hurtigladestasjonar har vakse fort fordi styresmaktene har bidrege med støtteordningar, forklarar Hannisdahl.

Publisert: 26.06.2017 19:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41