Kort fortalt

Spår bustadprisfall

Bustadseljarane senkar prisane.

05.10.2022

NPK-NTB: Tilbodet av bustader aukar og bustadseljarar senkar prisane. Fleire meklarkjeder merkar prisfall utover normalen.

Administrerande direktør Grethe Meier i Privatmegleren seier til Dagens Næringsliv at ho ventar ei avkjøling i bustadmarknaden og eit prisfall på inntil to prosent når tala for september kjem onsdag.

– Det blir ein litt ruglete haust. Du har renteaukane frå Noregs Bank, men eg trur det handlar mest om det generelle elendet som no omgir oss. Det er krig, det er dyrare mat og usikre tider. Det er mykje negativt som påverkar bustadmarknaden no. Vi er inne i ein hestekur, seier Meier.

Ho er ikkje åleine om å vere pessimist.

– Eit kraftig fall vil ikkje vere overraskande. Vi merkar eit taktskifte, seier Carl Geving, direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund.

Hedda Ulvness, direktør i meklarkjeda Eie seier marknaden er uføreseieleg.

– Seljarar kan risikere tomme visningar, sjølv i Oslo. Fleire kuttar no prisen i håp om å få selt, seier Ulvness, som også har merka at bankane har vorte meir restriktive på utlån.

Publisert: 05.10.2022 08:12

Sist oppdatert: 05.10.2022 08:13