NPK-NTB: Statistisk sentralbyrå forventar ein forsiktig konjunkturoppgang i åra som kjem, og seier at norsk økonomi går mot litt lysare tider.
Fallet i petroleumsinvesteringane minkar, eksporten aukar og privat etterspørsel tar seg opp, skriv (SSB) i sin prognoserapport "Økonomiske analysar" som vart lagt fram torsdag.
SSB skriv at dette snart vil bringe norsk økonomi inn i ein forsiktig konjunkturoppgang. Reallønna stig litt i år og i dei neste åra, etter stort fall i fjor.
– Fallet i etterspørselen frå petroleumsnæringa frå slutten av 2013 og mange år med svak internasjonal etterspurnadsutvikling, pregar framleis norsk økonomi. Konjunkturnedgangen har no vart i to og eit halvt år. Veksten i BNP Fastlands-Noreg har tatt seg noko opp gjennom 2016, etter ein nær nullvekst gjennom 2015, og vi ventar at veksten tar seg ytterlegare noko opp framover, står det i rapporten.

Publisert: 09.03.2017 10:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42