Kort fortalt

Startar aksjekjøp-program

Ekornes skal finne ut kor mange tilsette som vil kjøpe aksjar.

21.06.2017
Ekornes startar arbeidet med å få på plass aksjekjøp-programmet som vart vedtatt av generalforsamlinga i vår.
Tilsette får tilbod om å kjøpe aksjar verdt 15.000 kroner med 3000 kroner i rabatt, og inga bindingstid. Når det er klart kor mange som vil vere med skal det gjennomførast ein emisjon og utstedast nye aksjar til dei tilsette.
Emisjonen blir og retta mot leiande tilsette som blir med på ei eiga ordning, der dei kan kjøpe aksjar med bindingstid.

Publisert: 21.06.2017 16:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41