Kort fortalt

Statoil-kutt

Har nedskrive rekneskapsverdiar for 130 milliardar

08.02.2017
NPK-NTB: Sidan starten av 2013 har Statoil skrive ned verdiar i eigedelar for 130 milliardar kroner i sin rekneskapsbalanse.
Nedskrivingane kjem av at selskapet ikkje lenger trur at oljeprisen skal stige til 100 dollar per fat på sikt, men heller til 80 dollar, skriv . Dei lågare oljeprisforventningane påverkar anslaga for framtidige oljeinntekter.
– Dette treffer heile porteføljen vår, seier Statoil-sjef Eldar Sætre til avisa.
Omtrent 70 milliardar er knytt til landsverksemd i Nord-Amerika. Det utgjer over halvparten av nedskrivingane. Rundt 18 milliardar av nedskrivingane er knytte til norsk sokkel.
Statoil føreset ein snittpris på 55 dollar fatet i år, 75 dollar fatet i 2020 og 80 dollar fatet i 2030.
Det justerte resultatet for fjerde kvartal enda på 1,64 milliardar dollar før skatt, noko som er under forventningane til analytikarane på 2,07 milliardar. Det er også svakare enn for eitt år sidan då resultatet enda på 1,78 milliardar dollar.

Publisert: 08.02.2017 08:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42