Kort fortalt

Svarar om Strynefjell-skroting

Frank Sve (Frp) ba om forklaring.

Marius Rosbach
19.04.2023

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) påpeiker at forslaget frå Statens vegvesen, om å ta ut bygging av ny riksveg 15 over Strynefjellet, er nettopp eit forslag.

Frank Sve (Frp) vil ha ei forklaring frå statsråden på kvifor ny veg over Strynefjellet står i fare for å måtte vente minst 13 år på byggestart. Han stilte difor eit skriftleg spørsmål Stortinget som Nygård no har svara på.

- Eg understrekar at dette er verksemdene sine forslag til prioritering og er ikkje det same som at prosjektet vil bli prioritert eller ikkje i komande Nasjonal transportplan, skriv samferdsleministeren i sitt svar.

Han viser vidare til at stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2025-2036 skal leggjast fram våren 2024.

Publisert: 19.04.2023 12:23

Sist oppdatert: 19.04.2023 12:24

Mer om