Kort fortalt

Stengt over Strynefjellet

Fleire fjellovergangar og ferjer ramma av uvêr.

12.01.2022

Ekstremvêret Gyda kjem onsdag. Fleire fjellovergangar er stengde eller har kolonnekøyring, og også ferjetrafikk er ramma.

Sjekk oppdaterte vegmeldingar (ekstern lenke)

Onsdag morgon er det kolonnekøyring på E134 Haukelifjell, medan riksveg 13 Vikafjellet, riksveg 15 Strynefjellet, fylkesveg 50 Aurland-Hol og fylkesveg 53 Tyin-Årdal er stengde. På riksveg 52 Hemsedalsfjellet er det svært glatt, men vegen er open.

Ekstremvêret Gyda fører med seg mildvêr, vind og enormt mykje regn onsdag og torsdag.

Publisert: 12.01.2022 07:47

Sist oppdatert: 12.01.2022 08:17