Kort fortalt
Stor gjeld etter byggkonkurs
Gjeld på 32,5 millionar.
12.10.2021
Byggefirmaet Inno-Entreprenør AS med 51 tilsette er konkurs med ei gjeld på 32,5 millionar kroner, ifølgje Sunnmørsposten.
Selskapet er registrert i Oslo, men verksemda skjer frå Ålesund, der firmaet har adresse.
Bustyrar Leif Peter Madsen fortel at firmaet fekk problem grunna korona, og har hatt utfordringar med å få nye jobbar. Også auka materialkostnader har påverka drifta, skriv avisa.
Dei fleste tilsette er frå Litauen, der firmaet har lagd prefabrikkerte hus.
To store byggeprosjekt i Trondheim og Melhus, i tillegg til bygging av nokre privatbustader, blir råka av konkursen, ifølgje avisa.
Publisert: 12.10.2021 09:03
Sist oppdatert: 12.10.2021 09:04