NPK-NTB: Ein av fem nordmenn seier dei vurderer å slutte i jobben for å skape sin eigen arbeidsplass, viser ei ny arbeidsmarknadsanalyse.
Av 33 land i rekrutteringsselskapet Randstad Workmonitors analyse, kjem Noreg på 20.-plass med 21 prosent som seier dei kunne tenkje seg å starte for seg sjølv, skriv .
Administrerande direktør Eivind Bøe i Randstad Noreg kallar det eit interessant paradoks.
– Sju av ti nordmenn synest norske styresmakter aktivt støtter gründerbedrifter, og her scorar vi over det globale gjennomsnittet. Noreg er altså eitt av landa med best føresetnader for å skape noko nytt, men samtidig er vi blant dei som er minst villige til å satse. Det seier truleg mykje om ønsket nordmenn har om tryggleik, og om låg arbeidsløyse og våre gode lønns- og sosiale ordningar, seier han til avisa. På topp kjem India med 56 prosent som ønsker gründer-livet.
På spørsmål om arbeidstakarar vil starte for seg sjølv om dei mister jobben, svarer 28 prosent i Noreg ja.

Publisert: 24.04.2017 15:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42