Kort fortalt

Stor tru på havvindsatsing

- Starten på eit industrieventyr.

NPK
02.03.2021


Bransjeorganisasjonen Norsk Industri greier no ut potensialet for havvind saman med leverandørindustrien.

– Det er på mange måtar starten på eit industrieventyr, seier Stein Lier-Hansen, administrerande direktør i Norsk Industri, til Teknisk Ukeblad.

Bransjeorganisasjonen Norsk Industri fekk i fjor sommar i oppdrag av regjeringa å greie ut moglegheitene for norsk havvind saman med Norwegian Offshore Wind Cluster, Siemens Gamesa, Aker Solutions, Fred Olsen og Norwep. Til dette fekk dei 10 millionar kroner.

Fleire av delrapportane er no klare og slår fast at det er store moglegheiter, skriv TU. Som del av arbeidet har 521 norske bedrifter svart på ei spørjeundersøking om havvind. Den viser at 60 prosent av bedriftene allereie leverer til havvindmarknaden, men at langt fleire har potensial til å gjere det.

Medan store delar av industrien har stor tru på havvind, har havforskarar tilrådd meir forsking før ein startar på vindkraftutbygging til havs. Mellom anna har vindkraftanlegget Havsul 1 møtt store protestar både frå fiskerinæring og fugleforskarar, som fryktar enorme ringverknader for livet i havet og for sjøfugl.

Publisert: 02.03.2021 16:42

Sist oppdatert: 02.03.2021 16:43