Kort fortalt

Store IT-problem i bankar

Lammar mange banktenester.

06.04.2017
(NPK-NTB): Tenester på mobilbank, nettbank og minibank fungerer ikkje hos DNB og ei rekke andre bankar. Årsaka er ein teknisk feil hos IT-selskapet Evry.
– Vi har tekniske problem på våre system, seier kommunikasjonsdirektør Geir Remman i Evry til NTB.
Problema medfører at mobilbank, nettbank og minibank ikkje fungerer slik dei skal, men betalingskort i butikk fungerer via såkalla reserveløysing.
Evry leverer system til fleire bankar, deriblant DNB og SR Bank.
– Dette gjeld dei fleste bankane i heile landet. Så vi står i ein ganske alvorleg situasjon som vi er veldig lite nøgd med. Vi forstår godt at kundane er frustrerte. Dette rammar svært mange, seier kommunikasjonsdirektør Thor-Christian Haugland i SR Bank, til .
Remman seier dei har sett alle tilgjengelege ressursar på saka og håper å få løyst problemet så snart som mogleg.
– Det er berre å beklage, seier kommunikasjonsdirektøren om problema som starta ved 13-tida.
Også i Sverige er det store problem med banktenestene. Alle minibankar i nabolandet er ute av drift på grunn av dei tekniske problema hos IT-selskapet.

Publisert: 06.04.2017 14:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42