(NPK): Ei ny undersøking syner at det er store skilnader på dei ulike vidaregåande skulane i landet. Kvaliteten varierer både mellom skular og frå fylke til fylke. Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er nummer 13 og 14 i rangeringa. Begge fylka ligg under landsgjennomsnittet.
Les heile rapporten her: .
– Resultata frå undersøkinga syner at kva fylke du bur i og kva vidaregåande skule du går på, kan ha mykje å seie for kor gode resultat du får på skulen. Slik bør det ikkje vere, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.
Forskarar frå Senter for økonomisk forsking (SØF) har gjort undersøkinga på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Forskarane har undersøkt kor mykje den enkelte vidaregåande skule bidreg til det elevane lærer, og i kor stor grad skulane bidreg til at elevane greier å fullføre vidaregåande eller ikkje. I undersøkinga har forskarane teke omsyn til at bakgrunnen til elevane varierer mellom skulane, blant anna gjennom å justere for karakterar frå ungdomsskulen og sosial bakgrunn.
– Det er i dag altfor store skilnader mellom skular og fylke når det gjeld kor mykje elevane lærer og delen som fullfører. Målet må vere at alle elevar skal ha dei same moglegheitene til å lukkast, uavhengig av kor dei bur og kva skule dei byrjar på, seier kunnskapsministeren.
Resultata frå undersøkinga syner at det er skilnader når det gjeld elevane si deltaking, studieprogresjon og karakterar – etter at det er teke høgd for ulikskap i bakgrunn.
Det er også store skilnader innanfor mange fylke. Kunnskapsministeren understrekar at det er viktig å lese resultata frå enkeltskular med varsemd, men at det er viktig at alle skuleeigarar tek tak i resultata og brukar dei konstruktivt.Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland har fått lik karakter, 3,08. Landsgjennomsnittet for kvalitet på vidaregåande skular ligg på 3,10 – og den beste karakteren får Oslo med 3,72.

Publisert: 11.04.2016 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47