Kort fortalt
Store planar på Storfjord Hotel
Har levert teikningar til kommunen.
30.09.2022
Storfjord Hotel på Glomset har planar om ei kraftig utviding med nye gjestehus, ny restaurant og utandørs basseng. Det kjem fram i planar som er sendt til Ålesund kommune, omtalt i Bygdebladet og Sunnmørsposten.
Det er også planar om eit nytt hus for resepsjon, garasje og nytt velværebygg – og ein rekke mindre gjestehus i naturen søraust for dagens hotell. Landingsplass for helikopter, ein stall og eit amfi høyrer også med i planane.
Flakk Gruppen er eigar av hotellet, og har sendt inn papira og bedt om eit oppstartsmøte med kommunen.
Publisert: 30.09.2022 09:22
Sist oppdatert: 30.09.2022 10:35